torsdag 9. april 2015

Da vårast


I går var eg så heldig at eg hadde tid til å vere ute ei lita stund medan sola skein
det er ikkje mykje som blømer i hagen enno
men litt meir kvar dag


det er lenge sidan eg mentalt gav opp å leggje ned løk om hausten
mesteparten kjem ikkje oppatt likevel
kunne likagodt grave ned tusenlappa
har eg nok frustrert tenkt meir enn ein gong


likavel gjer eg det
set ned nye løk


og i år kom det no opp nokre krokusar her og der
dei stod der og tørka nattefrosten av seg i den bleike morgonsola
og viste våren veg



eg har alltid hatt våren som ein knapp favoritt
når det gjeld årstidene
men kjenner likevel at energien
i skrotten ikkje er like sterk som i naturen


etter som åra går kjenner eg større behov for å klamra meg fast til kaffikoppen
enn ut å rydde bedd


får håpe at sola deler
sin uendelege energi
til alt levande


også haustande dame
med uendeleg mange kaffikoppa..



God torsdag :D


6 kommentarer:

  1. Nydelige bilder som alltid! Beundrer din evne til å fange lyset :)
    Jeg hadde vært evig takknemlig om du kunne satt på et par bilder hvilke innstillinger du har brukt ;) Blender, lukkertid etc. Kanskje litt rart å be om, men det er bare fordi jeg så gjerne vil lære mer, og du er veldig dyktig!
    God torsdag ettermiddag til deg!
    Klem fra Kristine

    SvarSlett
  2. Kanskje du kan plante løkar i krukker og sette dei i drivhuset? Fort gjort og fint å sjå på vårblomstring når du kosar deg med kaffikoppen ;-) Eg har ikkje drivhus, men har planta i krukker som eg har sett ute under tak, desse kjem fortare i blomst om våren enn dei løkane eg har sett rett i jorda og er koseleg å sette fram på trappa no om våren. Ha ein fin dag vidare :-) Her er det vedfyring som gjeld i dag- kaldt og surt ute... Mvh Monica

    SvarSlett
  3. Du tar så flotte bilder. De er virkelig inspirerende. Du kan se hvor "knasende" krokusen er. Friskt og flott. Hilsen fra Liv

    SvarSlett
  4. Ja nå vårast da
    det spirer og gror for kvar dag
    ein kan lett kjenne på vårslapheten ja...
    kos deg
    klem Eli:)

    SvarSlett
  5. Å, du snille!! Tusen takk for svar :) Absolutt det jeg var på jakt etter ;) Bare å fortsette å øve! Ønsker deg en finfin fredag! Klem fra Kristine

    SvarSlett
  6. Så fantastiske bilder du tar, utrolig inspirerende. Hva slags fotografiapparat bruker du? elnashage.blogspot.no

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.