fredag 25. januar 2013

Papirprest


Det er ikkje å kome forbi pompommanien som herjar rundt om kring på bloggane. Eg syns dei er heilt nydelege, spesielt dei i florlett papir. Slikt får ein ikkje tak i her, om ein vil eingong, likavel vart eg litt inspirert til papirarbeid. I dag har eg snurra papirprestekragar. Trur kanskje ikkje eg skal kommentera dei så mykje meir sidan eg er litt usikker på om eg likar dei eller ikkje. Kanskje om eg lagar ein heil bukett? :D

 

Silkepapir, litt blomsterstreng, litt gult stoff og noko å fylle knoppen med. Blomsterpinnar passar til stilk, og utover det er det berre fantasien ( og i mitt tilfelle, pølsefingrane) som set grenser.

Fin fredag folkens!

2 kommentarer:

  1. Jeg synes de var supersøte.
    Jeg elsker prestekrager.
    Ha en fin fredagskveld.
    Klem

    SvarSlett
  2. De ble jo kjempesøte!!

    God helg fra meg.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.