onsdag 17. september 2014

Stang ut


Me har fleska oss med so flott ver i det sista
og eg har site dirrande i bilen på veg til jobb
kvar gong me køyrde forbi 
det eine gode fotomotivet etter det andre
det var lyset
det var disen
og vøffet



Så i dag gjorde eg alvor av det og ba meg fri eit par timar
no skulle alt det vakre festast te film(?)
Fekk ungange på skulen, kasta meg i bilen og for av garde
la allereie då merke til at det var svært lite skodda i dag
løye sidan det hadde vore mykje kvar dag lenge no


Dreg opp muskedunderet og skal til å skyte fyrste bildet
då eg oppdaga at eg har teke feil objektiv med meg
I staden for vidvinkelvidunderet
hadde eg grabba med meg det eldste objektivet
til det gamle kameraet mitt
tåssje
å kjøre 3 mil for å begynne på nytt med det rette objektivet orkar eg ikkje, 
får vere grenser for motivasjon og pågangsmot


heldigvis har eg med eit anna
egna til portrett
så då gjer eg det
tek nærbider av vøffet
men sola let vente på seg



 Inga sol
lite skodda
feil objektiv
eg mista siste rest av pågangsmot då eg kjende at årets fyrste neglesprett var på veg
eg var våt på beina og fraus friskt og tenkte eg burde komma meg heim
setja meg i sola på terassen med ein lattè og ei nybaka kanelbolle med perlesukker
kjende motet vaks i bringo berre eg tenkte på det


Heilt til eg kom på at eg hadde inngått eit lengre og heller forpliktande forhold
til Grete Roede
og bollar og slikt fins det nok ikkje nok kosemerke i verda for å kunne ete
so det var berre å lage seg ein kopp svart kaffi og logge seg på jobbmaskina
og innsjå
at enkelte daga
så er det berre stang ut...
(vart no nokon fine bilder då :D)

2 kommentarer:

  1. Nydelig!
    Og absolutt ikkje stang ut!
    Vonar du får ein fin dag.

    SOL klem

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder!
    Ha en trivelig dag!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.